Kvinne har skadd foten på tur

Rett før klokka 22 laurdag fekk Vest politidistrikt melding om at ein person har fått skade i ein fot i Loen.

Politiet har rykt ut for å koordinere ein aksjon i Loen laurdag kveld.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Vest politidistrikt melder på Twitter at ei kvinne skal ha skadd foten på tur i Via Ferrata i Loen. Politiet skal ha fått meldinga laurdag kveld klokka 21:48.

Eit redningshelikopter og personell frå Røde Kors er på veg for å hjelpe. Politiet er på veg og koordinerer aksjonen.

Oppdatert: Kvinna er henta ut frå fjellet med helikopter, melder Vest politidistrikt laurdag kveld.