Melder om berre negative prøver for andre gong denne veka

For andre gong denne veka melder Helse Førde om berre negative prøver.

I løpet av dei siste åtte dagane har seks av åtte dagar vore utan positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte 180 prøver torsdag og alle var negative. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde fredag morgon.

Dette er den andre dagen denne veka der Helse Førde har meldt om berre negative prøver. Både tysdag og onsdag har det vore ei positiv prøve, ei i Kinn og ei i Gloppen.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom torsdag 17. juni og torsdag 24. juni, har Helse Førde analysert 1214 prøver. To av åtte dagar har vore dagar med ei positiv prøve, medan seks av dagane har det vore berre negative prøver.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Fredag morgon melder Helse Førde at to av rund 3000 tilsette i Helse Førde er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.