Ei ny positiv prøve

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve. Dette er den første positive prøva sidan 8. juni.

I løpet av dei siste to vekene har Helse Førde meldt om berre negative prøver. I dag melder dei om ei ny positiv.  

Nyhende

Helse Førde analyserte 248 prøver tysdag og ei av prøvene var positiv. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde onsdag morgon. Den positive prøva er tatt i Kinn.

Dette er den første positive prøva som Helse Førde har analysert sidan tysdag 8. juni. I mellomtida har det vore to veker på rad utan positive prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom tysdag 15. juni og tysdag 22. juni, har Helse Førde analysert 1275 prøver. Ei av desse prøvene er altså positiv.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Tala til Helse Førde viser at ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Det er ingen tilsette av rundt 3000 i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.