Analyserte 164 prøver - ingen nye positive prøver

For niande dagen på rad melder Helse Førde om berre negative prøver.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1126 prøver og alle er negative.   Foto: TORMOD FLATEBØ

Nyhende

Helse Førde analyserte torsdag 164 prøver og alle prøvene var negative. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde fredag.

Dette er niande dagen på rad at alle prøvene som Helse Førde har analysert er negative. Sist ei prøve var positiv var tysdag 8. juni.

Dei siste åtte dagane, mellom torsdag 10. juni og torsdag 17. juni, har Helse Førde analysert 1126 prøver. Alle desse er som sagt negative.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 viser tala til Helse Førde.

Det er heller ikkje tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Åtte tilsette av rundt 3000 i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.