No er 2495 personar fullvaksinerte i Stad

Stad kommune er godt i gong med å vaksinere gruppe 8, og torsdag vart det også opna opp for at gruppe 9 kan bestille time.

KOMMUNEOVERLEGE: Thomas Vingen Vedeld fortel at Stad kommune er godt i gong med å vaksinere gruppe 8. Torsdag opna Stad kommune også opp for at gruppe 9 kan bestille time til vaksinering.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

2495 personar i Stad er per 17. juni fullvaksinerte, medan 3392 personar har fått ei dose, viser FHI sine tal. Ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld er Stad no så å seie ferdige med å vaksinere personar over 65 år, og godt i gong med gruppe 8, personar mellom 55–64 år.