Endå ein dag utan positive prøver

Helse Førde melder om ingen nye positive prøver for åttande dagen på rad.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1132 prøver og alle desse er negative.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 156 prøver og ingen av desse prøvene var positive. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Dette er åttande dagen på rad at alle prøvene som Helse Førde har analysert er negative.

Helse Førde har i løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom onsdag 9. juni og onsdag 16. juni, analysert 1132 prøver. Alle desse åtte prøvetakingsdagane viser 0 nye. Sist ei prøve var positiv etter analysering i Helse Førde var tysdag 8. juni.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 viser tala til Helse Førde.

Det er heller ikkje tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette av rundt 3000 i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.