Analyserte 235 prøver - alle er negative

For sjuande dagen på rad melder Helse Førde om at alle dei analyserte prøvene er negative.

LÅGE SMITTETAL: Helse Førde analyserte 235 prøver tysdag og alle er negative. Dette er sjuande dag på rad utan positive prøver.   Foto: Arkivfoto

Nyhende

Helse Førde analyserte tysdag 15. juni 235 prøver og alle prøvene var negative. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde onsdag morgon. Dette er sjuande dag på rad at alle prøvene som Helse Førde analyserer er negative.

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom tysdag 8. juni og tysdag 15. juni, har Helse Førde analysert 1217 prøver. Sist ei prøve var positiv var tysdag 8. juni viser helseføretaket sine tal.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene som er tatt, og prøver kan difor bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er difor ikkje ei komplett liste over alle prøvesvara frå området til Helse Førde.

Det er ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 på sjukehusa i Helse Førde.

Onsdag morgon er ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.