Vil vente med å plukke ut område frå planen

I samband med handsaminga av sjøarealplanen i Utval for areal og eigedom var det fleire som tok til orde for å ta ut enkeltareal no.

GRUPPEMØTE: Både Kirsti Ohrvik Olsen (V), Martin Nygård (Ap) og Jostein Huneide (H) ville i utgangspunktet ta ut areal no, men godtok å vente på 2. gongs høyring. 

Eg opplever det som ryddigare at dei ligg ute.

Hogne Bleie (Frp)
Nyhende

Martin Nygård (Ap) ville ta ut Bådane -Reset ut av planen. Kirsti Ohrvik Olsen (V) støtta Nygård om Bådane-Reset og ville også ta ut Ervikskorane. Jostein Huneide (H) tok til orde for å ta ut Breivika.