Leikanger fekk takk for godt samarbeid

Elin Leikanger fekk blomar, rosande ord og kake under det som var det siste møtet i Utval for areal og eigedom der ho er med som kommunalsjef.

GODT NØGDE: Utval for areal og eigedom har vore godt nøgde med å ha kommunalsjef Elin Leikanger som fagperson til å hjelpe seg. 

Nyhende

– Det har letta jobben for meg som leiar å ha deg som kommunalsjef, du er kunnskapsrik, imøtekomande og hjelpsam. Det er godt å ha nokon å ringe til, godt å kunne lene seg på at administrasjonen kan og veit. Leiar i Utval for areal og eigedom, Gunn Sande (Sp) kom med ros, blomar og marsipankake for å markere at det var siste møte med Elin Leikanger som kommunalsjef i Stad kommune.