Den tidlegare læremiddelfabrikken på Folkestad har blitt ein møteplass for kultur, mat og underhaldning

Atle Oen med band innvia den nye kulturmøteplassen

Visste du at Folkestad hadde sin eigen læremiddelfabrikk i nær femti år? No er mursteinsbygningen blitt til eit kulturhus i bygda, og for ei veke sidan hadde Atle Oen med band den første konserten i huset.

Musikken til Atle Oen med band skapte den rette stemninga i Læremiddelfabrikken på Folkestad for ei veke sidan. Framover blir det satsa på fleire ulike typar arrangement i Folkestad sin nye kulturmøteplass. 

Nyhende

Rundt hundre meter ovanfor Coop-butikken på Folkestad ligg eit murhus på to etasjar. På avstand kan det sjå ut som eit gammalt lager, eller eit hus der det ikkje er så mykje aktivitet lenger. Men kjem ein nærare, og inn i huset, kan ein oppdage noko heilt anna.