Bollestad: – Villig til å leggja meir på bordet til lausdrift

Store investeringar til nye fjøs for å oppfylla kravet til Stortinget om lausdrift, uroar mange bønder. På årsmøtet til Bondelaget onsdag sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) at ho er villig til å koma med meir støtte til slike investeringar.

Oslo 20210604. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) sa på årsmøtet til Norges Bondelag at ho ser at kravet om lausdrift er ei utfordring, og at ho er villig til å leggja meir pengar på bordet til investeringar. Arkivfoto  Foto: Gorm Kallestad

Nyhende

– Eg ser utfordringane fram mot 2034, og eg er òg villig til å vera med å leggja pengar på bordet til meir investering, for eg ser det er ei utfordring, sa Bollestad då ho på årsmøtet til Bondelaget onsdag fekk spørsmål om investeringar til lausdrift frå styremedlem i Vestland Bondelag, Gry Ingvild Agjeld.