Nordfjordrådet feira med "Strynefjellskake"

Nordfjordrådet feira i går Stortinget si støtte til ny tunnel på Rv15 Strynefjellet med ei eiga "Strynefjellskake".

Nordfjordrådet feira måndag med eiga "Strynefjellskake". F.v. Ola Teigen (ordførar Kinn), Per Jarle Myklebust (varaordførar Gloppen), Per Kjøllesdal (ordførar Stryn og nestleiar i Nordfjordrådet) og Alfred Bjørlo (ordførar Stad og leiar i Nordfjordrådet).  Foto: Privat

Nyhende

- Vi er utruleg glade og letta over at eit samla Storting slår fast at det skal byggast ny lang tunnel på Strynefjellet, og at bygginga skal starte i første del av NTP-perioden (2022-2027). Dette betyr ein tryggare kvardag for alle som har vegen som arbeidsplass, betre rammevilkår for næringslivet – og det har enormt mykje å seie for vidare vekst, utvikling og optimisme i Nordfjord, så vel som på Sunnmøre og regionane aust for fjellet, seier Alfred Bjørlo, leiar i Nordfjordrådet.