Naudetatane rykker ut til trafikkulykke i Remmedalen

Naudetatane er no på veg til Remmedalen der det skal ha skjedd ei alvorleg ulykke.

Naudetatane er på veg til ei trafikkulykke i Remmedalsvegen i Stad kommune.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Klokka 10.45 fekk politiet melding om ulykke i Remmedalsvegen i Stad kommune. Naudetatane er på veg til trafikkulykka.

Ein bil er involvert, og innleiande meldingar tyder på at det er ei alvorleg ulykke, opplyser Vest politidistrikt.