Tapte kvalikkamp

Eid tapte NM-kvalifiseringskampen i G 19 mot Førde i helga.

Jonas Heggen Trosdahl scora tre mål i NM-kvalifiseringskampen mot Førde. Arkivfoto. Tormod Flatebø 

Nyhende

Søndag spelte Eid sitt G 19-lag NM kvalifiseringskamp mot Førde på Eid Idrettspark. Førde vann kampen 7-4. Ved pause leia gjestane frå Sunnfjord 4-2. Jonas Heggen Trosdahl (biletet) scora tre av Eid sine mål, to av dei på straffe. Marius Åsebø var spelaren bak Eid sitt fjerde mål i kampen.