Analyserte 233 prøver - alle er negative

Tysdag analyserte Helse Førde 233 prøver og ingen av dei er positive. Det er heller ikkje innlagde pasientar med stadfesta covid-19 på sjukehusa i Helse Førde.
Nyhende

Helse Førde analyserte 233 prøver tysdag og alle var negative. Dette viser Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon.

Så langt denne veka har tre prøver vore positive. Alle desse tre skal vere tatt i Kinn.


Tre nye positive prøver

Måndag var tre av 188 analyserte prøver positive, viser Helse Førde sine tal. Dette er dei første positive prøvene sidan 26. mai.


Åtte siste dagane

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom tysdag 25. mai og tysdag 1. juni, har Helse Førde analysert 1452 prøver. Av desse analyserte prøvene har fire prøver vore positive. I tillegg til dei tre prøvene frå Kinn, som vart analysert måndag, var ei prøve positiv onsdag 26. mai.

Av dei åtte dagane har seks dagar vore utan positiv prøve.

Tysdag 25. mai: 0 nye av 158 analyserte prøver

Onsdag 26. mai: 1 ny av 322 analyserte prøver

Torsdag 27. mai: 0 nye av 188 analyserte prøver

Fredag 28. mai: 0 nye av 185 analyserte prøver

Laurdag 29. mai: 0 nye av 146 analyserte prøver

Søndag 30. mai: 0 nye av 32 analyserte prøver

Måndag 31. mai: 3 nye av 118 analyserte prøver

Tysdag 01. juni: 0 nye av 233 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Andre tal

Ifølgje Helse Førde er ingen pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehusa i Helse Førde.

Av dei rundt 3000 tilsette i Helse Førde så var ingen heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona onsdag morgon. Det er totalt åtte tilsette som har hatt stadfesta covid-19.