Meiningar

Kjære Bjørn Arild Gram

Den alvorlege rekrutteringssituasjonen kan berre avhjelpast gjennom politisk vilje og politisk handling. Politikarar som heilt overlèt vanskelege politiskeavgjerder og forsvaret av dei til administrativt tilsette, byggjer ikkje tillit. Og snart er det stortingsval.

NSF: Reidun Stavland, er fylkesleiar i Norsk Sykepleierforbund Vestland.  

Utdanningsforbundet: Steinar Strømsli er fylkesleiar Utdanningsforbundet Vestland. 

Nyhende

Du er leiar for KS sitt styre. Dette vervet gjev deg eit særskilt politisk ansvar for utdanninga til dei somveks opp, og for helsetenesta til innbyggjarane. Sjukeheimar, helsestasjonar, skular og barnehagar erinstitusjonar vi eig i lag, men KS forvaltar – på vegne av alle kommunane – kva som skal vere lønnsog arbeidsvilkår for de i tilsette. I kraft av ditt politiske leiarverv spelar du ei særs viktig rolle i åutvikla og styrke tenester som vi treng.

Utdanningsforbundet: Steinar Strømsli er fylkesleiar Utdanningsforbundet Vestland. 

I desse dagar er Unio i streik. Vårt krav er logisk og enkelt; ei lønn for sjukepleiarar og lærarar somkan løyse rekrutteringsutfordringane. Det er for få av oss. Med dagens lønnsnivå får ikkjekommunane rekruttert. Resultatet er dårlegare tenester. Vi kan ikkje akseptere at den tenesta vi skalgi innbyggjarane, ikkje har den minstekvaliteten som er fastsett i lov. Vi treng fleire medkompetansen som krevst for å gi eit forsvarleg tilbod. Det hastar.

Arbeidsdagane våre er utfordrande. Det likar vi. Men vi likar dårleg dei utfordringane som skuldast atvi er for få med den rette kompetansen. Og vi likar endå dårlegare at situasjonen berre varar år etterår, og i mange høve blir verre. Situasjonen er at det manglar tusenvis av sjukepleiarar og lærarar ikommunane.

Kompetanse kostar. Å sikre innbyggjarane gode helse- og utdanningstenester er eit politisk ansvar.Skal kommunane få til det, må lønna opp. Likevel gir KS oss eit lønstilbod som ikkje vil føre til nokobetring i denne situasjonen. Lærar- og sjukepleiarmangelen vil halde fram. Derfor spør vi deg, BjørnGram: Kva er den politiske leiinga i KS sin plan for å få tak i kompetansen som manglar?

Hovudstyret i KS speglar resultatet av lokalvalet i 2019. Alle stortingspartia med unntak for Raudt ogMDG, er representerte. Det er de som har ansvaret. Den alvorlege rekrutteringssituasjonen kan berre avhjelpast gjennom politisk vilje og politisk handling. Politikarar som heilt overlèt vanskelege politiskeavgjerder og forsvaret av dei til administrativt tilsette, byggjer ikkje tillit. Og snart er det stortingsval.