Koronasituasjonen i Stad

– Om alt går som vi trur, så er alle ute av isolasjon i løpet av veka

Det har ikkje vore nye koronatilfelle i Stad sidan 13. mai. I løpet av veka håpar Thomas Vingen Vedeld at alle er ute av isolasjon og karantene.

KORONA: Om alt går som kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld trur, er alle ute av isolasjon i løpet av denne veka.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ein må no tilbake til torsdag 13. mai for å finne ein ny smitta i Stad. Prøvesvar torsdag sist veke viste nemleg at ein av dei 27 personane som vart testa onsdag på Nordfjordeid, var smitta av covid-19. Denne personen var allereie i karantene på grunn av kjent smitte i husstanden. Ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld var det ingen nye nærkontaktar i saka.