Korona

Dette er situasjonen i Stad no

Denne veka har ein ny person fått stadfesta covid-19, og ein ventar framleis på andregongstestar av elevar og barn.

GLEDELEG: Thomas Vingen Vedeld tykkjer det er gledeleg at det ikkje er funne meir smitte i skulane.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Vi trur vi begynner å få kontroll på den pågåande smittesituasjonen i Stad, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld, då Fjordabladet snakkar med han torsdag formiddag. Det var 5. mai at personar i Stad vart stadfesta covid-19 smitta, og deretter starta ballen å rulle. Ifølgje Vingen Vedeld er det funne ein sannsynleg smitteveg på alle som har testa positivt den siste veka.