To positive prøver

Helse Førde melder om to positive prøver etter at 286 prøver vart analysert måndag.

Dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1957 prøver og 16 av desse har vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag 10. mai analyserte Helse Førde 286 koronaprøver og to av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dei to positive prøvene er tatt i Stad. Måndag kveld vart det klart at ein hadde fått svar på 100 prøver. Prøvesvara stadfesta smitte hos dei to personane som testa positivt på hurtigtest laurdag. Utover det vart det ikkje meldt om fleire positive prøver av desse 100.


Ingen nye positive prøver i Stad

Prøvesvar måndag kveld viser at dei to som testa positivt for covid-19 på hurtigtestar laurdag, er smitta. Utanom det er dei andre prøvesvara negative, men Stad kommune ventar framleis på nokre prøvesvar.



Alle elevar på 1. klassesteg ved Nordfjordeid skule vert sett i karantene

Dette er grunna i at ein lærar i klasse 1B ved skulen har testa positivt for covid-19.


Siste åtte dagane

Desse to positive prøvene er dei første positive prøvene denne veka, viser tala til Helse Førde. Måndag var første gong sidan søndag 18. april at Helse Førde meldte om berre negative prøver.

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom måndag 3. mai og måndag 10. mai, har Helse Førde analysert 1957 prøver og 16 av desse prøvene er positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er torsdag 6. mai med fem positive. Dagen med færrast positive prøver er søndag 9. mai med 0 positive.

Måndag 03. mai: 2 nye av 230 analyserte prøver

Tysdag 04. mai: 2 nye av 376 analyserte prøver

Onsdag 05. mai: 1 ny av 202 analyserte prøver

Torsdag 06. mai: 5 nye av 290 analyserte prøver

Fredag 07. mai: 3 nye av 326 analyserte prøver

Laurdag 08. mai: 1 ny av 176 analyserte prøver

Søndag 09. mai: 0 nye av 71 analyserte prøver

Måndag 10. mai: 2 nye av 286 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Tala til Helse Førde viser at ein pasient med stadfesta covid-19 smitte er innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Tysdag morgon er 15 av 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Tala til Helse Førde viser at totalt åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.