Ingen nye positive prøver i Stad

Prøvesvar måndag kveld viser at dei to som testa positivt for covid-19 på hurtigtestar laurdag, er smitta. Utanom det er dei andre prøvesvara negative, men Stad kommune ventar framleis på nokre prøvesvar.

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld melder måndag kveld om at 100 prøvesvar er klar måndag. Desse skal vere negative.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Måndag kveld er det klart at det er ingen nye positive prøver i Stad etter omfattande testing søndag. Ifølgje ei pressemelding vart totalt 106 personar testa på Nordfjordeid i samband med det nye smittetilfelle som vart stadfesta laurdag.

Måndag har svara på 100 av desse prøvene kome, og prøvesvar stadfestar smitte hos dei to personane som testa positivt på hurtigtest laurdag. Det er derimot ingen fleire nye positive prøver.

Nordfjordeid skule

Elevar og tilsette i klasse 1 A og 1 B ved Nordfjordeid skule vart sett i karantene etter stadfesta covid-19 hos ein lærar på trinnet. Etter testinga søndag er det ingen positive prøver, men framleis ventar ein på fire prøver.

Elevar og tilsette held fram i karantene som planlagt og vil bli testa på nytt fredag 14. mai.

Golvsengane barnehage

I Golvsengane barnehage vart barn og tilsette i avdeling 2 sett i karantene laurdag etter at eit barn i avdelinga fekk stadfesta covid-19. Også her er det ingen positive prøvesvar etter testing søndag, men det er framleis to prøver som ein ventar på.

Born og tilsette held fram i karantene som planlagt og vil bli testa på nytt fredag 14. mai.

I Golvsengane barnehage vart også barn og tilsette i avdeling 4 sett i karantene laurdag fordi det var svært sterk mistanke om at eit barn i avdelinga kunne vere smitta. Hurtigtest av barnet var negativ laurdag, men andre i husstanden til barnet hadde fått stadfesta smitte, og ved fleire høve har hurtigtestar vist falskt negativt svar på personar med høg smitterisiko. Måndag kveld har det kome svar på meir nøyaktig PCR-test av barnet, og barnet har ikkje fått påvist smitte.

Det har også kome negativt svar på PCR-test av alle andre barn og tilsette i avdeling 4.

– Situasjonen i avdeling 4 er med dette godt avklart, og vurderinga er at barnet likevel ikkje kan ha vore ei smittekjelde inn mot avdelinga, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld, i pressemeldinga.

Barna og dei tilsette i avdeling 4 kan gå ut av karantene allereie no, og det er heller ikkje behov for gjenteken testing. Barn og tilsette i avdeling 4 kan difor møte i barnehagen som normalt frå tysdag morgon, melder Stad kommune.

Få nærkontaktar

Ifølgje Vingen Vedeld og Stad kommune er det framleis svært viktig at alle innbyggjarar har lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved symptom på sjukdom. Alle innbyggjarar vert også oppmoda om å ha få nære kontaktar utover eigen husstand og kohortar knytt til arbeid, skule/barnehage og faste grupper i fritidsaktivitetar.

Symptom på covid-19 kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans



Smitte i barnehage og skule på Nordfjordeid

Harald er stressa

Det har den siste veka blitt oppdaga fleire tilfelle av covid-19 både på Nordfjordeid skule og i Golvsengane barnehage.