Årets første fotballkamp

Selje var det beste laget

Årets første fotballkamp på Eid Idrettspark var mellom rivalane Eid og Selje, der vi må slå fast at Selje denne gongen var det sterkaste laget.

God kamp: David Hamre da Silva (med ball) var Selje sin toppscorar i kampen mot Eid i klassen gutar 13/14 år. Då dommar Barlla Muhamet blåste av kampen kunne han krysse av for fire mål i boka si. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Fotballspelarar i alle aldrar har venta lenge på å få spele kamp. Vårens første kamp måtte, ut frå dei smittevernreglar som er gjeldande, bli to mellom lag frå same kommune. Og det vart denne gongen mellom heimelaget Eid og Selje i klassen gutar 13/14 år.