Ei ny positiv prøve

Ei av dei 202 analyserte prøvene onsdag var positiv. No melder også Helse Førde at ein pasient med stadfesta covid-19 er innlagd.

Ei av prøvene som Helse Førde analyserte onsdag er positive. Torsdag morgon melder Helse Førde også om at ein pasient med stadfesta covid-19 smitte er innlagd på sjukehusa i Helse Førde.  

Nyhende

Onsdag 5. mai analyserte Helse Førde 202 prøver og ei av desse er positiv. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til Helse Førde torsdag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Kinn.

Så langt denne veka har fem av prøvene som Helse Førde har analysert vore positiv. Desse skal vere tatt i Stad, Sunnfjord og Kinn.

Dei siste åtte dagane

I løpet av dei siste åtte dagane mellom onsdag 28. april og onsdag 5. mai, har Helse Førde analysert 1562 prøver og 13 av dei har vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er fredag 30. april med tre positive. Fire av dagane har det vore ei positiv prøve.

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Torsdag 29. april: 2 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 30. april: 3 nye av 159 analyserte prøver

Laurdag 01. mai: 1 ny av 157 analyserte prøver

Søndag 02. mai: 1 ny av 43 analyserte prøver

Måndag 03. mai: 2 nye av 230 analyserte prøver

Tysdag 04. mai: 2 nye av 376 analyserte prøver

Onsdag 05. mai: 1 ny av 202 analyserte prøver

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er no ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehusa i Helse Førde. I går vise Helse Førde sine tal at det var ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19.

Torsdag morgon var det fire av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Åtte tilsette i Helse Førde har hatt stadfesta covid-19.