Strid om nausttomt – er ikkje nøgd med tilbakeføring

Kan få tvangsmulkt på 350 kroner per dag

Kommunedirektøren tilrår tvangsmulkt på 350 kroner per dag i samband med ei nausttomt på Midthjell.

SYNFARING: Utval for areal og eigedom starta møtedagen med ei synfaring for å sjå på den omstridde nausttomta på Midthjell.   Foto: Anna Wuttudal

Viss kommunen har lyst til å ha fleire innbyggjarar, så kan dei ikkje halde på og behandle folk på denne måten.

Peder Midthjell
Nyhende


Etter ein litt uheldig start på eit naustprosjekt, fekk Berner Midthjell pålegg om retting av ulovleg tiltak. Pålegget inneber tilbakeføring av terrenget så langt det let seg gjere til slik det var før han tok til med arbeidet på tomta.

Sjølv meiner Midthjell at han har gjort det som han er blitt pålagt, mellom anna er terrenget på naboeigedom tilbakeført til opphavleg form ved hjelp av mur/støttefylling på Midthjell sin eigen eigedom.

– Eg meiner at muren er grei, her har det vore ein mur tidlegare, påpeikar Midthjell. Han tykkjer at heile saka er veldig trasig.

Drog på synfaring

Utval for areal og eigedom hadde saka om tvangsmulkt på sitt sakskart sist tysdag, og starta møtet med å dra på synfaring som første punkt på lista om morgonen. Under synfaringa synte sakshandsamar Roar Sætre til at bygging av mur i grensa enten krev søknad om dispensasjon eller godkjenning frå nabo. Det er muren, samt utfylling mot sjø som er dei hovudpunkta som kommunen ikkje er nøgd med.

Berner Midthjell og nokre andre frå bygda var til stades under synfaringa. Utvalsleiar er Gunn Sande(Sp).   Foto: Anna Wuttudal

STRID OM MUR: Det er muren, samt utfylling mot sjø som er dei hovudpunkta som kommunen ikkje er nøgd med.  Foto: Anna Wuttudal

Det er UAE som tidlegare har gjort vedtak om retting av ulovleg tiltak. No skal dei ta stilling til om rettinga er gjort bra nok, eller om Midthjell skal påleggast tvangsmulkt.  Foto: Berner Midthjell

‒ Vi meiner at det ikkje er tilbakeført, heller ikkje tilnærma tilbakeført, sa Sætre og peika på at heilskapsinntrykket er at området framstår nesten som ei byggeklar tomt.

– Har handla i god tru

Midthjell forklarer at muren er laga slik for å bygge opp att terrenget til naboen, det er ei støttefylling for oppattbygging av terreng. Når det gjeld søknadsplikt, så viser han til at han skriftleg stilte spørsmål om tiltaket er søknadspliktig med ansvarsrett. Det skriftlege svaret han fekk frå kommunen var at pålegg ikkje er søknadspliktig og krev ikkje ansvarsrett.

Naustområdet ligg like ved Rv 15, der det også er ein mur.  Foto: Anna Wuttudal

– Då kan dei ikkje kome i ettertid å krevje at eg skulle ha søkt, eg har handla i god tru, seier Midthjell til Fjordabladet.

Ikkje fare for ferdsle

Berner Midthjell har i saka via Advokatfirmaet Bjørlo påpeika at pålegget frå kommunen også inneber at det skal lagast ei overflate som ikkje medfører ulempe eller fare for alminneleg ferdsle og friluftsliv og at det ikkje skal nyttast stor stein i topplaget.

Sidan fjellet var sprengt bort, valde ein difor å legge på lausmassar for å lage ei overflate som sikra tilkomsten til strandsona.

Advokat Bjørlo peikar i skriv til kommunen på at konsekvensane ved det tidlegare ulovlege tiltaket er avbøtt, og at lovleg tilstand er tilbakeført så langt det er praktisk mogleg og rimeleg.

Avslutning mot sjø er det også usemje om er bra nok.   Foto: Anna Wuttudal

Området er i planverk sett av til naustområde.

Utsette saka

Berner Midthjell var til stades under synfaringa og ville gjerne høyre på den politiske handsaminga av saka om tvangsmulkt. Han var tilhøyrer på møtet til UAE heile dagen, men dei vart berre halvferdig med sakene. Det vart hoppa litt fram og tilbake på saklista, for å rekke å ta dei viktigaste sakene før klokka halv fire. Midthjell si sak var av dei som vart utsett, og klokka 15.30 var det berre å rusle heim for Berner og sonen Peder Midthjell, som også var til stades på synfaringa og under delar av møtet.

Berner Mifthjell og sonen Peder brukte store delar av dagen på saka, som vart utsett.   Foto: Anna Wuttudal

Fjordabladet stilte spørsmål til Berner Midthjell om kva han tykte om å bruke ein heil dag i møte utan å få behandla saka si.

– Det er ikkje noko å gjere med det. Det må eg berre akseptere. Det er betryggande at dei skal bruke tid og behandle saka nøye, så får vi håpe at det slår ut til vår fordel, er hans kommentar.

‒Dei kan ikkje halde på slik

– Det som trekkjer med bygda er tilgangen til naturen, å kunne bruke dei mogelegheitene ein har til å gå i fjellet og kunne ta seg ein båttur på sjøen for å fiske. Det seier Peder Midthjell. Han støttar faren Berner i kampen mot Stad kommune, som han opplever som lite imøtekomande.

STØTTAR FAREN: – Det som trekkjer med bygda er tilgangen til naturen. Det må kunne gå an å få bygge seg eit naust, seier Peder Midthjell, som støttar faren Berner i kampen mot kommunen.  Foto: Anna Wuttudal

– Viss kommunen har lyst til å ha fleire innbyggjarar, så kan dei ikkje halde på og behandle folk på denne måten. Det må kunne gå an å få bygge seg eit naust, seier Peder Midthjell til Fjordabladet.