Ein ny person i isolasjon

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19

Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld(t.h.) og ordførar Alfred Bjørlo   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ein ny person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.

Torsdag kveld viser resultat frå testing gjort på Nordfjordeid onsdag, at ein ny person har testa positivt for covid-19. Personen har vore i karantene etter nærkontakt med ein smitta person i same husstand. Ein nærkontakt er sett i karantene og vert testa. Smittesporinga er avslutta. Dette opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo i kveld.