Ein person i isolasjon

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Ein person er sett i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19.

Tysdag kveld viser resultat frå testing gjort på Nordfjordeid måndag, at ein person har testa positivt på covid-19.

Personen har vore i karantene etter nærkontakt med ein smitta person frå Ålesund og fekk no positivt svar på testen som vart tatt mot slutten av karanteneperioden.

Ein person i same husstand er sett i karantene og vert testa.

Smittesporinga er avslutta, melder Stad kommune.