Ei ny positiv prøve

Tysdag morgon melder Helse Førde om ei ny positiv prøve. I løpet av dei siste åtte dagane har det ikkje vore ein einaste dag med berre negative prøver. 

Dei siste åtte dagane har 19 av 1744 analyserte prøver vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse førde analyserte måndag 182 prøver og ei av desse prøvene var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Sunnfjord. Helse Førde gjer ein alltid merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Siste åtte dagane

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom måndag 19. april og måndag 26. april, har Helse Førde analysert 1744 prøver. Av desse 1744 prøvene har 19 vore positive. Dagen med flest positive prøver denne perioden er laurdag 24. april med fem positive. Dagen med færrast positive i denne perioden er søndag 25. april og måndag 26. april med ei positiv prøve. I løpet av desse åtte dagane har det ikkje vore ein einaste dag med berre negative prøver.

Måndag 19. april: 2 nye av 127 analyserte prøver

Tysdag 20. april: 2 nye av 254 analyserte prøver

Onsdag 21. april: 4 nye av 243 analyserte prøver

Torsdag 22. april: 2 nye av 331 analyserte prøver

Fredag 23. april: 2 nye av 243 analyserte prøver

Laurdag 24. april: 5 nye av 217 analyserte prøver

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine tal er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. Det var i går at det vart klart at ein pasient med stadfesta covid-19 var innlagd.

Tysdag morgon var det tolv av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

No har Helse Førde justert opp talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 til åtte. Onsdag 21. april fekk ein tilsett i psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde stadfesta covid-19 smitte. Dette smittetilfelle er ein del av eit utbrot i Sunnfjord kommune.