Analyserte 331 prøver - to av dei er positive

Fredag er det klart at to av dei 331 prøvene som Helse Førde analyserte torsdag er positive. Så langt denne veka har ti av 955 analyserte prøver vore positive.

Helse Førde melder om to nye positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte torsdag 331 prøver og to av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Dei to positive prøvene skal vere tatt i Kinn og i Sogndal.

Så langt denne veka har ti prøver vore positive etter at Helse Førde har analysert 955 prøver. Måndag meldte Helse Førde om to positive prøver. Desse var tatt i Stad, men kjem frå personar frå Kinn som har vore å testa seg på teststasjonen på Nordfjordeid.

Tysdag var det også to positive prøver, desse var tatt i Kinn og Sunnfjord. Onsdag meldte helseføretaket om fire positive prøver, desse også frå Kinn og Sunnfjord.

Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

17 positive

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom torsdag 15. april og torsdag 22. april, har Helse Førde analysert 1494 koronaprøver og 17 av dei har vore positive. Dagen med flest positive er torsdag 15. april med fem positive prøver, medan både laurdag 17. april og søndag 18. april har vore dagar utan positive prøver.

Torsdag 15. april: 5 nye av 250 analyserte prøver

Fredag 16. april: 2 nye av 168 analyserte prøver

Laurdag 17. april: 0 nye av 99 analyserte prøver

Søndag 18. april: 0 nye av 22 analyserte prøver

Måndag 19. april: 2 nye av 127 analyserte prøver

Tysdag 20. april: 2 nye av 254 analyserte prøver

Onsdag 21. april: 4 nye av 243 analyserte prøver

Torsdag 22. april: 2 nye av 331 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje dei oppdaterte tala til Helse Førde er ein pasient med stadfesta covid-19 innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Tilsette

Fredag morgon er tolv av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Torsdag vart det klart at ein tilsett i psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde onsdag fekk stadfesta covid-19. Personen som no er stadfesta covid-19 smitta var sist på jobb tysdag denne veka og testa positivt dagen etter. Helse Førde har gjennomført smittesporing og meiner det er kontroll på situasjonen. Det nye smittetilfelle er ein del av eit utbrot i Sunnfjord kommune.


Tilsett i Helse Førde er koronasmitta

Ein tilsett i psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde fekk onsdag påvist koronasmitte.