Tometeren blir skrota - no gjeld einmetersregelen igjen

(NPK-NTB):Statsminister Erna Solberg (H) varslar at det igjen skal vere einmeteren som gjeld som råd for kor god avstand nordmenn må ha mellom kvarandre.

Tometeren blir skrota - no gjeld einmetersregelen igjen.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Då tiltaksnivået vart stramma inn før påske, gjekk vi frå 1 til 2 meter i avstandskrav. I første trinn av gjenopninga av Noreg blir dette reversert, slo statsministeren fast på ein pressekonferanse tysdag.