Politiet stoppa ung sjåfør - mistanke om promillekøyring

Ein sjåfør vart stoppa i ein trafikkontroll utanfor Måløy, mistenkt for å køyre ruspåverka.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Då ein mann i 20-åra vart stoppa i ein trafikkontroll tysdag ettermiddag, fatta politiet fort mistanke om at sjåføren var ruspåverka.

Mannen blir framstilt hos lege for blodprøve, og politiet har tatt beslag i førarkortet. Sak blir oppretta, opplyser Vest politidistrikt.

Dette skjedde klokka 16.33 etter ein trafikkkontroll på Kapellneset utanfor Måløy i Kinn kommune.