Ei ny positiv prøve i Kinn

Ei av dei 97 prøvene som Helse Førde analyserte måndag er positive. Denne positive prøva skal vere tatt i Kinn.
Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 97 prøver og ei av desse prøvene var positiv. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Kinn.

Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen bur eller har folkeregistrert adresse.

Dette er andre dagen på rad at ei av dei analyserte prøvene er positive, viser Helse Førde sine tal. Søndag vart 76 prøver analysert, og ei av desse var positive. Denne skal vere tatt i Sunnfjord.

Fem positive

Dei siste åtte dagane, mellom måndag 5. april og måndag 12. april, har Helse Førde analysert 1663 koronaprøver. Av desse analyserte prøvene har fem av dei vore positive. To av dei fem kjem frå Stad, Ei prøve kjem frå Sogndal, ei frå Sunnfjord og den siste er altså tatt i Kinn.

Tysdag 6. april, fredag 9. april og laurdag 10. april har vore dagar utan positive prøver i denne perioden.

Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver

Tysdag 06. april: 0 nye av 229 analyserte prøver

Onsdag 07. april: 1 ny av 384 analyserte prøver

Torsdag 08. april: 1 ny av 295 analyserte prøver

Fredag 09. april: 0 nye av 223 analyserte prøver

Laurdag 10. april: 0 nye av 230 analyserte prøver

Søndag 11. april: 1 ny av 76 analyserte prøver

Måndag 12. april: 1 ny av 97 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Helse Førde sine oppdaterte tal viser at ein pasient med stadfesta covid-19 smitte er innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Tysdag morgon var det fire av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som er heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.