Andre dagen på rad med ingen positive prøver

Helse Førde analyserte 223 prøver laurdag, og ingen av desse var positive. Dette er andre dagen på rad at alle dei analyserte prøvene er negative.

Denne veka har tre av prøvene vore positive, viser Helse Førde sine tal.  Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Helse Førde analyserte 230 koronaprøver laurdag, og ingen av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal søndag morgon.

Dette er andre dagen på rad at Helse Førde melder om berre negative prøver. Laurdag vart 223 prøver analyserte, også desse negative.


Status

Alle prøvene er negative - men ein pasient med korona er innlagd

Fredag var alle dei 223 prøvene som Helse Førde analyserte negative. Helse Førde melder også laurdag at ein pasient med stadfesta covid-19 er innlagd på sjukehus.


Så langt denne veka har tre av dei analyserte prøvene vore positive. To av dei tre kjem frå Stad, og den siste prøva kjem frå Sogndal.

Siste åtte dagane

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom laurdag 3. april og laurdag 10. april, har Helse Førde analysert 1799 prøver. Av desse har elleve av dei vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er søndag 4. april med seks positive. Tysdag 6. april, fredag 9. april og laurdag 10. april er dagar med berre negative prøver.

Laurdag 03. april: 2 nye av 158 analyserte prøver

Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver

Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver

Tysdag 06. april: 0 nye av 229 analyserte prøver

Onsdag 07. april: 1 ny av 384 analyserte prøver

Torsdag 08. april: 1 ny av 295 analyserte prøver

Fredag 09. april: 0 nye av 223 analyserte prøver

Laurdag 10. april: 0 nye av 230 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine tal er ein pasient med stadfesta covid-19 innlagd på sjukehus i Helse Førde. Det var i går at det vart kjent at ein pasient med stadfesta covid-19 var innlagd.

Søndag morgon var tre av rundt 3000 tilsette heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.