Snøskred på Harpefossen

– Heldigvis ingen spor inn eller ut

Det er stor snøskrefare i Vestland for tida, også på Harpefossen har det søndag gått snøskred.

Det er stor snøskredfare og søndag gjekk det også snøskred på Harpefossen.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Det er stor snøskredfare i Vestland, særleg i Indre Fjordane, som deler av Stad kommune vert rekna som, ifølgje varsom.no. Fredag då Fjordabladet snakka med Tore Kroken Karlsen, operativ leiar på Harpefossen skisenter, oppmoda han alle om å halde seg i nærleiken av skianlegget.