Analyserte 295 prøver – ei ny positiv prøve

Torsdag analyserte Helse Førde 295 prøver og ei av desse var positiv. Dette er den tredje positive prøva så langt denne veka.

I løpet av dei siste åtte dagane har Helse Førde analysert 1552 prøver, og 13 av desse har vore positive.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Torsdag analyserte Helse Førde 295 prøver, og ei av desse prøvene var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Sogndal. Dette er den tredje positive prøva så langt, viser tala til Helse Førde. Dei to andre positive prøvene denne veka kjem frå Stad.

13 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom torsdag 1. april og torsdag 8. april, har 13 av 1552 analyserte prøver vore positive. Søndag 4. april var seks av 151 analyserte prøver positive. Dette er dagen med flest positive prøver i denne perioden. Både fredag 2. april og tysdag 6. april har vore dagar med berre negative prøver.

Torsdag 01. april: 2 nye av 137 analyserte prøver

Fredag 02. april: 0 nye av 69 analyserte prøver

Laurdag 03. april: 2 nye av 158 analyserte prøver

Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver

Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver

Tysdag 06. april: 0 nye av 229 analyserte prøver

Onsdag 07. april: 1 ny av 384 analyserte prøver

Torsdag 08. april: 1 ny av 295 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det no ingen pasientar med stadfesta covid-19 innlagd på sjukehus i Helse Førde. I går var ein pasient med stadfesta covid-19 innlagd.

Fredag morgon var fire av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.