To positive prøver og ein pasient på intensiv

Søndag var to av 71 analyserte prøver positive, viser tala til Helse Førde. No er også ein pasient med covid-19 innlagd på intensivavdeling i Helse Førde.

Søndag analyserte Helse Førde 71 prøver og to av desse var positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Helse Førde analyserte 71 prøver søndag, og to av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Dei to positive prøvene skal vere tatt i Sunnfjord. Ifølgje Sunnfjord kommune sine nettsider er ein av dei smitta nærkontakt til tilfella på Hafstad vidaregåande skule, og vedkomande var allereie i karantene. Den andre positive prøva er frå ein student som kom heim på påskeferie frå ein annan stad i landet. Personen er sett i isolasjon. Dei to smittetilfella gjer at det er rundt ti personar som er sett i karantene.

Med desse to positive prøvene har fem av prøvene i helga vore positive. Laurdag 27. mars var tre av dei 243 analyserte prøvene positive. Desse tre prøvene var tatt i Stad.


Tre nye smitta av 243 analysterte prøver

Laurdag morgon er det klart at 3 av 243 analyserte prøver viste positive prøver, opplyser Helse Førde. Desse positive prøvene var tatt i Stad kommune.


Dei siste åtte dagane

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom søndag 21. mars og søndag 28. mars, har Helse Førde analysert 2187 prøver. Av desse analyserte prøvene har 30 av dei vore positive. I denne perioden har dagen med flest positive prøver analysert i Helse Førde vore søndag 21. mars med ni positive prøver. Dagane med færrast positive prøver i denne perioden er onsdag, torsdag og fredag med ingen positive.

Det har derimot vore utfordringar med analysekapasiteten i Helse Førde dei siste dagane, og fleire av koronaprøvene har blitt sendt til andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Søndag 21. mars: 9 nye av 412 analyserte prøver

Måndag 22. mars: 8 nye av 431 analyserte prøver

Tysdag 23. mars: 8 nye av 529 analyserte prøver

Onsdag 24. mars: 0 nye av 192 analyserte prøver

Torsdag 25. mars: 0 nye av 165 analyserte prøver

Fredag 26. mars: 0 nye av 144 analyserte prøver

Laurdag 27. mars: 3 nye av 243 analyserte prøver

Søndag 28. mars: 2 nye av 71 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

141 i Stad

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er det no totalt 141 personar i eller frå Stad som er stadfesta smitta av covid-19. Før utbrotet i Stad i starten av mars var det rundt 30 personar som hadde fått stadfesta smitte i løpet av året.

I løpet av dei siste 14 dagane har 81 personar i Stad fått stadfesta covid-19. Per 100.000 innbyggjarar er dette 851,1 personar.

Ifølgje kartet til VG er det Stad, Rælingen, Sarpsborg, Lørenskog og Fjord som er raudast kommunar på kartet. Dette tar utgangspunkt i registrerte smitta per innbyggjar dei siste 14 dagane.

Ein pasient på intensiv

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal måndag er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. Tala til Helse Førde viser no at pasientar med covid-19 på intensiv er ein.

Andre tal

Måndag morgon var det ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var sjukmelde eller heimeverande grunna korona.

Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.