Lesarinnlegg

NTP og Rv15 Strynefjellet

STRYNEFJELLET: Høgrefolk frå fylket lovar at dei vil arbeide for eit best mogleg resultat for regionen, også for Strynefjellet. 

Nyhende

For kort tid sidan kom regjeringa sitt framlegg til ny NTP. Samferdsleminister Knut Arild Hareide har karakterisert denne som ein ambisiøs og realistisk transportplan.

Framlegget har av mange blitt sett på som ei sterkt satsing på Vestlandet, òg når det gjeld veg. Som vestlendingar er vi godt nøgd med det.

For Sogn og Fjordane sine del har det kome inn fleire store prosjekt. To av dei er rassikringsprosjekta E16 Hylland-Slæen og Rv 5 Erdal-Naustdal, medan ny E39 forbi Førde vil føre til at den ulykkesutsette og utfordrande Halbrendslia vil forsvinne.

I tillegg vil det skje ei stor satsing på fylkesvegar, kor det nå blir innført ei ny tilskotsordning.

I NTP er det òg lagt inn ei auka satsing på sjøtransport. Og sjølv om det har vore avklart eit tid, bør den nemnast at Stad Skipstunnel ligg inne i NTP som den største investeringa i landet vår nokon gang knytt til sjøtransport.

Prosjekta om ligg inne i NTP forsvarer godt plassen sin, og dei har òg stor støtte i heile fylket.

Vi meiner òg at Sogn og Fjordane totalt sett har kome godt ut. Når det er sagt skulle vi sett at det låg endå fleire prosjekt inne, og ikkje minst gjeld det Rv 15 Strynefjellet.

Som kjent er Rv 15 Strynefjellet eit svært viktig vegsamband på Nordvestlandet, som knyter Nordfjord og Søre Sunnmøre til aksen Oslo – Trondheim.

Vegen er avgjerande for næringslivet, noko den høge tungtrafikkdelen på 25 prosent gir eit bilde av.

Reiselivsnæringa på nordvestlandet er òg i sterk vekst. Sikre og pålitelege vegar er avgjerande. Dagens tunnelar er i dårleg stand, og regjeringa gjekk i juni 2018 derfor inn for ei løysing med lang tunnel, konsept B1 med tilrettelagt arm til Geiranger som erstatning for dei gamle. Dette vil både gi den beste løysinga på lang sikt, og spare trafikkantane i byggeperioden.

Regjeringa sitt utkast til NTP skal behandlast av Stortinget til sommaren. Ettersom regjeringa er ei mindretalsregjering, vil det måtte danne seg fleirtal ved behandlinga. Av erfaring veit vi at stortingsbehandlinga lite truleg vil føre til at prosjekt blir tatt ut av framlegget til NTP, men at det gjerne kan kome inn fleire.

Det er i dag vanskeleg å sjå korleis dette blir, og berre tida framover vil vise kva som vil ligge av muligheiter for å få inn nye prosjekt i Sogn og Fjordane.

Vi vil uansett arbeide for at eit best mogeleg resultat for regionen vår. Dette gjeld ikkje minst Rv15 Strynefjellet, og vi kjem derfor til å arbeide for at dette viktige prosjektet kan få så god posisjon i NTP som råd.