To nye koronasmitta i Selje

To nye personar er koronasmitta i Selje. Begge er nærkontaktar og var allereie i karantene.

To nye er stadfesta koronasmitta i Selje.  Foto: Ill.foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

- Prøvesvar onsdag kveld viser at to nye personar har fått påvist covid-19 i Selje. Begge er nærkontaktar og begge har vore i karantene. Dei to utløyser ingen nye nærkontaktar, opplyser kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld.


Alle andre innkomne prøvesvar onsdag kveld er negative.

Ingen nye på Nordfjordeid

Ein har no fått svar på alle dei om lag 135 prøvene som vart tekne i Selje måndag og tysdag. Ein manglar svar på 10 av 50 prøver tekne på Nordfjordeid tysdag. Svartid er noko forlenga på grunn av utfordringar med analysekapasiteten ved sjukehusa, opplyser Stad kommune.


Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram. Onsdag har ein testa om lag 60 personar på Nordfjordeid og 80 personar i Selje.


Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.


Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans


Stad kommune rår til at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.