– Umogleg å følgje reglane

Ifølgje Stad ungdomsråd er det ikkje mogleg å følgje alle smittevernreglar på skulane og i tettpakka bussar.

VANSKELEG: Under det ekstraordinære møtet i Stad ungdomsråd tysdag peika Marie Løviknes på at grunna storleik på klasserom, kantine og bibliotek og gangar er det vanskeleg for elevar å halde smittevernreglane.   Foto: arkiv/Olin Maria Yri

Nyhende

Under det ekstraordinære møtet i Stad ungdomsråd tysdag 23. mars kom det fram at det ikkje berre er smittesituasjonen i Stad som er utfordrande for elevar, men også det at spesielt på vidaregåande er det mange elevar som pendlar frå ulike stadar og ulike kommunar og det er i tillegg vanskeleg å halde smittevernreglane for elevane.