Avslutta med topp 15

Andrine Englund Mårstøl køyrde avslutningsrenna i slalåm og storslalåm i europacupen denne helga.

STORSLALÅM: Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) avslutta med ein 14.-plass i storslalåm laurdag. Søndag køyrde ho ut i slalåmen.   Foto: privat

Nyhende

Denne helga gjekk dei siste renna i europacupen av stabelen i Reiteralm i Austerrike. Andrine Englund Mårstøl (Haugen IL) stod på start både i storslalåm laurdag og slalåm søndag.