Sju nye smittetilfelle i Stad

I dag er det påvist sju nye smittetilfelle i Stad kommune. Selje barnehage held stengt og det blir digital undervisning ved Selje skule og på Eid ungdomsskule i veka som kjem.
Nyhende

Søndag kveld har det kome svar på dei siste 43 prøvene som vart tekne fredag og dei 28 prøvene som vart tekne av nærkontaktar i Selje laurdag.

Stad kommune melder om at resultat søndag kveld viser at til saman fire personar i Selje har fått påvist covid-19 som nærkontaktar til tidlegare smitta i tre ulike husstandar. Desse var alle i karantene. To av dei smitta er born som går ved Leikvang barnehage og Stadlandet skule, men desse har ikkje vore i barnehage/ skule i smittsam periode.

Ved Selje skule har ein elev på 8. trinn og ein tilsett fått påvist smitte etter testing fredag. Elevar ved 10. trinn ved Selje skule vert definert som nærkontakter til den tilsette og vert sett i karantene søndag kveld og kalla inn til testing måndag. Husstandsmedlemmer vert sett i ventekarantene.

Stengt barnehage og digital undervisning i Selje

I Selje barnehage og ved Selje skule har ein dei siste dagane påvist smitta born/elevar/tilsette på fleire trinn og i fleire avdelingar på kort tid. Bemanningssituasjonen gjer det vanskeleg å oppretthalde ordinær drift av tilboda i veka som kjem, og ein ønskjer også å gjere det som er nødvendig for å bidra til ytterlegare kontroll over utbrotet i Selje. Etter ei samla vurdering vil Selje barnehage halde stengt og det vert digital undervisning ved Selje skule i veka som kjem.

Digital undervisning ved EUS

På Nordfjordeid har ein vaksen nærkontakt til ein tidlegare smitta fått påvist smitte etter testing fredag. Denne personen er tilsett i administrasjonen ved Eid Ungdomsskule.

I samband med den smitta tilsette ved Eid ungdomsskule er ein trygg på at det ikkje har vore risiko for smitte vidare til elevar ved skulen i veka som har vore. Sidan det no finnast ein risiko for smitte til lærarkollegiet, ønskjer ein å skape tryggleik for at dette ikkje kan føre til smitterisiko for elevar ved skulen dei komande dagane. Etter ei samla vurdering vil det difor verte digital undervisning for elevar ved Eid ungdomsskule i veka som kjem.

Nærkontaktar er testa

Til saman er det søndag påvist sju nye smittetilfelle. Alle nye nærkontaktar vert sett i karantene og testa.



Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Måndag vil kommunen gjere ei fornya vurdering av risikonivå i samband med utbrotet og kome med oppdaterte råd til innbyggjarane.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Stad kommune anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.