Analyserte 430 prøver - ti er positive

Ti av dei 430 prøvene som Helse Førde analyserte tysdag er positive.

I løpet av dei siste åtte dagane har 35 av 2635 analyserte prøver vore positive.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 430 prøver og ti av desse var positive. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Dei ti positive prøvene kjem frå Stad, Kinn og Sogndal. Ifølgje VG sine oppdaterte tal er det åtte personar i eller frå Stad som vart registert stadfesta covid-19 smitta i går. VG melder også om at det no er totalt 68 personar som har fått stadfesta covid-19 smitte i eller frå Stad. Stad har stigande smitte, og er raudt på kartet til VG.



Tysdag var første dag denne veka der Helse Førde har rapportert om positive prøver. Måndag var ingen av dei 121 analyserte prøvene positive.

Åtte siste dagane

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom tysdag 9. mars og tysdag 16. mars, analyserte Helse Førde 2635 prøver. I denne perioden har 35 av prøvene vore positive.

Tysdag 09 mars: 5 nye av 523 analyserte prøver

Onsdag 10. mars: 6 nye av 438 analyserte prøver

Torsdag 11. mars: 2 nye av 380 analyserte prøver

Fredag 12. mars: 2 nye av 236 analyserte prøver

Laurdag 13. mars: 9 nye av 370 analyserte prøver

Søndag 14. mars: 1 ny av 137 analyserte prøver

Måndag 15. mars: 0 nye av 121 analyserte prøver

Tysdag 16. mars: 10 nye av 430 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det onsdag morgon ein person med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. Tysdag var dette talet også ein.

Onsdag morgon var to av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 smitte er framleis sju og uendra.