Åtte nye smitta i Stad

Åtte nye personar i Stad har fått stadfesta covid-19 smitte. Sju av desse var allereie i karantene grunna smitte hos personar i eigen husstand.

KORONAUTBROT: Stort koronautbrot: Eit stort koronautbrot herjar på Nordfjordeid. Onsdag morgon er det klart at åtte nye personar i Stad har fått stadfesta covid-19 smitte.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Prøvesvar seint tysdag kveld viste at til saman åtte nye personar har fått påvist smitte etter testing måndag. Det kjem fram i ei pressemelding.


Analyserte 430 prøver - ti er positive

Ti av dei 430 prøvene som Helse Førde analyserte tysdag er positive.


Sju var allereie i karantene

Sju av desse var allereie i karantene på grunn av tidlegare påvist smitte hos personar i eigen husstand. Fem av desse sju er i same familie. Desse sju smittetilfella utløyser ingen nye nærkontaktar.

Eitt av dei påviste tilfella er ein person som testa seg ved Selje legekontor måndag på grunn av symptom. Foreløpig kartlegging viser ei mogeleg kopling til det aktuelle utbrotet på Nordfjordeid. Kommunen arbeider med å avklare dette ytterlegare. Nærkontaktar er sett i karantene og vert testa i dag. Husstandsmedlemmer til nærkontaktane er sett i ventekarantene.

Låg terskel for å teste seg

Eit større tal personar vart elles testa på bakgrunn av symptom på sjukdom måndag. Alle desse testane var elles negative.

Vurderinga av den samla smittesituasjonen, tiltak og anbefalingar er ikkje endra. Vidare vurderingar av smittesituasjonen vert gjort fortløpande i dagane framover.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.

Stad kommune oppfordrar alle innbyggjarar til å ha svært lav terskel for å teste seg ved symptom på sjukdom i veka som kjem.

Symptom på koronavirus kan vere:

  • Sår hals
  • Hoste
  • Tett eller rennande nase
  • Hovudverk
  • Feber
  • Influensafølelse eller sjukdomsfølelse
  • Kroppsverk
  • Tungpust
  • Tap av smak- eller luktesans

Stad kommune anbefaler at også barn med nyoppståtte symptom det siste døgnet bør testast.

Anbefalingane frå Stad kommune 9. mars er framleis gjeldande:

  • Vi ber alle om å vere nøye med å halde god avstand til andre i kvardagen, ha god handhygiene og ha svært lav terskel for å teste seg og halde seg heime ved teikn til sjukdom.
  • Vi ber alle ha så få nære kontaktar som mogeleg i kvardagen og unngå å samlast i grupper utanom eigen husstand eller kohort i barnehage/skule.
  • Vi oppmodar lag og organisasjonar i Stad om å utsetje/avlyse arrangement, treningar og andre fritidsaktivitetar der ein samlar folk i grupper.

Desse råda gjeld til smittesituasjonen er meir avklara.