To innlagde pasientar med covid-19

Den siste veka har Helse Førde analaysert 2409 prøver og 38 av desse har vore positive. Helse Førde sine oppdaterte tal viser at to personar med stadfesta covid-19 smitte er innlagde på sjukehus i Helse Førde.

HELSE FØRDE: 38 av 2409 analyserte prøver har vore positive i løpet av dei åtte siste dagane, viser tal frå Helse Førde.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Søndag 14. mars analyserte Helse Førde 137 prøver, og ei av desse prøvene var positive. Denne positive prøva er frå Stad. Søndag vart det klart at eit seint innkome prøvesvar frå testinga fredag viser at ein ny person hadde testa positivt for covid-19. Vedkomande var allereie i karantene grunna smitte i husstanden. Søndag kveld var status i Stad at 32 personar i Stad er koronasmitta under utbrotet.


Ein ny koronasmitta i Stad

Endå ein person er koronasmitta i Stad. No er det 32 personar som har fått påvist smitte. Alle smittetilfella er kopla til kvarandre.


38 positive

Dei siste åtte dagane, mellom søndag 7. mars og søndag 14. mars, har Helse Førde analysert 2409 prøver. 38 av desse prøvene har vore positive.

Kommunane i Helse Førde sitt område kan sjølv bestemme kvar dei skal sende koronaprøvene som er tatt. Difor kan prøver bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar i Helse Førde sitt område.

To koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon er det to pasientar med stadfesta covid-19 smitte som er innlagde på sjukehus i Helse Førde.

Måndag morgon var det ingen tilsette i Helse Førde som var heimeverande eller sjukmelde grunna korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju og uendra.