Analyserte 144 prøver - ei positiv

Laurdag analyserte Helse Førde 144 prøver og ei var positiv. Dette er fjerde dag på rad at Helse Førde analyserer minst ei positiv prøve.

HELSE FØRDE: Ein må tilbake til tysdag 2. mars for å finne ein dag der Helse Førde har analysert berre negative prøver.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Laurdag analyserte Helse Førde 144 prøver og ei av desse var positiv. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal søndag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Årdal. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.