Ifølgje Vegtrafikksentralen vest har det vore ei trafikkulukke på Fv 5753 ved Drage i Stad kommune. Vegtrafikksentralen melder at det er ein personbil som har hamna i grøfta.
Personbilar kan passere på staden, men ikkje større køyretøy. Det er venta at bilbergar er på staden frå klokka 18:30.
Oppdatert: Vegen er open for trafikk melder Vegtrafikksentralen vest på Twitter.