Gammal plantekunnskap kan gi ny medisin

Forskarar innan kulturhistorie, farmasi, biologi og medisin har i eit samarbeidsprosjekt studert gamle tekstar heilt tilbake til mellomalderen og oppsøkt gamle kloster på leit etter medisinske plantar. Målet er å sjå om det er kunnskap om plantemedisin vi kan ha mista, som kan bidra til ny medisin.

I fjor da alt elles var stengd ned, kunne doktorgradsstudent Rebecca Blakeney og kollegaene hennar framleis reise ut og leite etter plantar til forskingsprosjektet. Her er dei på plass ved Selja kloster, der munkane truleg hadde ein eigen hage for medisinplantar.  Foto: Privat

Nyhende

– Det hadde vore kjempegøy om det kom ein ny medisinsk metode ut av dette prosjektet. Noko som vi på ein måte har hatt under nasen heile tida. Folk drar jo ut til regnskogen for å finne nye medisinar, så om vi klarer å finne noko som veks på Hovedøya eller Selja i staden, så hadde det vore heilt topp, seier Anneleen Kool ved Universitetet i Oslo.