Tungbilkontroll på Kjøs

Mangla førarrett - meld til politiet

Ein førar av vogntog vart meld til politiet for manglande førarrett under ein tungbilkontroll Statens vegvesen hadde på Kjøs kontrollstasjon tysdag.

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Totalt var det 199 tungbilar over kontrollplassen på Kjøs. 38 av desse vart kontrollert nærare. Ein førar vart meld til politiet for manglande førarrett til vogntoget han køyrde. I tillegg vart det skrive ut to mangellappar. Ein for manglande underkøyringshinder luftlekkasje, og sidehinder luftlekkasje. Ein førar måtte smøre svingskiva før vedkomande fekk køyre vidare, melder kontrollørane frå Statens vegvesen.