Leiar

Kunsten å lytte

Vi forstår at det i ein slik samanheng vil vere nokon som føler seg ein smule urettvist behandla, eller kanskje vi skal seie forskjelsbehandla.

All ære til dei som er villige til å ta på seg verv, og som har vilje og evner til å ta vanskelege beslutningar på vegner av oss alle, men av og til er det også viktig å lytte til dei ein tek avgjerder for.   Foto: Tormod Flatebø

Det er viktig at vi er i stand til å lytte også til desse røystene.

Nyhende

«Politikk er å ville», sa Olof Palme. Politikk er også å vere i stand til å lytte. Ikkje nødvendigvis å lyde. Akkurat det siste er kanskje litt tvitydig, men ikkje mindre viktig . Før vi held fram så er det viktig å understreke at vi både er glade og fulle av respekt for personar som tek på seg politiske verv og som vil vere med å ta sentrale og gode avgjerder på vegner av oss «vanlege» innbyggarar. Når det er sagt så er det ein viktig og heilt nødvendig føresetnad at dei som skal ta avgjerder på vegner av oss alle, er i stand til å lytte.