Ønskjer god og grundig diskusjon om sjøareala

Stad kommune har no gjennomført det første digitale dialogmøtet om Kommunedelplan for sjøområda, som no ligg ute til høyring.

ØNSKJER DIALOG: Rådgjevar i Stad kommune Hanne Marie Utvær og ordførar Alfred Bjørlo (V).  Foto: Stad kommune

Nyhende

Det første møtet tok føre seg Nordfjorden – Eidsfjorden- Hunvikfjorden. Ein har i det nye planframlegget vidareført akvakulturareal som ligg inne i gjeldande planar og har i tillegg lagt inn nye. Ein har også lagt til rette for næringsareal knytt til sjø på land.