Ei ny positiv prøve

Ei av dei 184 prøvene som Helse Førde analyserte torsdag var positive. Dette er den sjuande positive prøva denne veka.

Denne veka har sju av 782 analyserte prøver vore positive viser Helse Førde sine tal.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Torsdag analyserte Helse Førde 184 prøver og ei av desse var positiv. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal fredag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Luster, men merk at dei som testar positivt ikkje alltid bur eller har folkeregistrert adresse i kommunen som har sendt prøva til analyse.