Ny person smitta i Stad

Helse Førde sine tal viser at personar i Sogndal og Stad har testa positivt for covid-19 smitte.

Tysdag testa seks personar positivt for covid-19 etter at Helse Førde analyserte 291 prøver.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal var det seks nye positive prøver tysdag. Helse Førde analyserte då 291 prøver. Dei seks positive prøvene skal vere tatt i Sogndal og Stad. Det vert ikkje sagt noko om kor mange av dei positive prøvene kjem frå Sogndal og Stad.